30. september 2026
I dag, 83 år etter forliset til Sanct Svithun, blir filmprosjektet «30. September» offisielt lansert.
Målet er å utvikle ein historisk spelefilm basert på hendingane utanfor Stad 30. september 1943. Filmen skal særleg løfte fram den ekstraordinære redningsinnsatsen til innbyggjarane i Ervik, som sette ut i små, opne båtar for å redde menneske frå det brennande skipet.
Prosjektet blir utvikla av Bård Jøran Vilnes Honningsvåg, som har sterke familierøter i Ervik og ei personleg tilknyting til historia.
Den første utviklingsfasen er no i gang.
Arbeidet omfattar innsamling av historisk dokumentasjon, kontakt med kjelder og etterkomarar, kartlegging av hendingane og vidare utvikling av filmhistoria.
I samband med lanseringa er det oppretta ei eiga Facebook-side og ein innsamlingsaksjon på Spleis. Pengane som blir samla inn, skal bidra til å finansiere den første utviklingsfasen.
Prosjektet vil dele historiske funn, bilete og oppdateringar etter kvart som arbeidet går framover.
Dette er ikkje først og fremst historia om eit skip som vart bomba. Det er historia om menneska som rodde ut.
Støtt filmprosjektet på Spleis