Før ei historie som denne kan bli til film, må det gjerast eit omfattande arbeid med historisk research, intervju, kjeldearbeid, reiser og utvikling av historia, pitch og manusgrunnlag.
Eg har allereie samla mykje historisk materiale og er i kontakt med menneske som kjenner historia godt. No ønskjer eg å ta prosjektet vidare og utvikle det slik at det kan presenterast profesjonelt for produksjonsselskap og andre aktørar i filmbransjen.
Eg har oppretta ein Spleis med eit mål på 250 000 kroner.
Dette er den første finansieringsfasen i prosjektet. Målet no er ikkje å finansiere sjølve filmproduksjonen, men å skaffe midlar til å utvikle historia vidare og gjere prosjektet klart for neste steg.
Pengane skal brukast til research, intervju, reiser, kjeldearbeid og utvikling av historia, pitch og manusgrunnlag.
Du er ikkje med på å finansiere ein ferdig film enno.
Du er med på å gi denne historia sjansen til å bli ein film.
Dersom prosjektet går vidare, vil seinare fasar krevje ytterlegare finansiering og samarbeid med aktørar i filmbransjen.
Det er ikkje berre økonomisk støtte som kan hjelpe prosjektet.
Kanskje sit du på fotografi, brev, dokument eller andre kjelder. Kanskje har du høyrt historia frå foreldre eller besteforeldre, eller kjenner du nokon som var knytt til Sanct Svithun, redningsaksjonen eller Ervik i 1943.
Små detaljar kan vere viktige brikker i ei større historie.
Har du noko du meiner kan vere relevant for prosjektet, vil eg svært gjerne høyre frå deg.
30. September
Eit filmprosjekt under utvikling
© 2026 Bård Jøran Vilnes Honningsvåg
Luminox Events